Denne rammeromanen femner om 25 soger som alle er knytt til buarane i ein stor bygard i industristaden Odda. Tidsrammen strekk seg over eit heilt år som inkluderer båe jula og nyttårshelga. Eit gjennomgåande tema er mannen sitt strevsame liv. Somme menn har originale, men litt for fikse løysingar på krava dei møter i livet. Kontrasten finn vi i gjennomsnittsnordmannen Harry Lund, men han ter seg ikkje heilt som ein vanleg mann når det kjem til stykket.
Sjølv om kvar episode er kort, klarer Grytten å gjere fleire av dei spanande og medrivande, medan andre historier har meir preg av satire grensande til sarkasme. Slutthistoria «Jetlag» om datteren som kjem på vitjing heim til foreldra frå New York er ei kjenslevar og god avrunding på boka.
Boka er òg eit tidsbilete frå 1990-tallet der det vert røykt mykje, fasttelefonen er framleis i bruk og drikkevanene i form av øl og brennevin enno ikkje er prega av raudvinskulturen frå Briskeby i Oslo.
Alt i alt ei høgst leseverdig og underhaldande bok.