I «Øyeblikk for evigheten» av Kjersti Anfinnsen møter vi igjen Birgitte Solheim, som vi første gong vart kjent med i «De siste kjærtegn» frå 2019. Ho er pensjonert hjertekirurg, eldre enn i førre bok, og kjenner på forfall og på at livet går mot slutten. Ho har fått ein kjærast, Javiér, og erkjenner at sjølv om ein må kunne balansere for å leve i eit samliv, gjev det òg store gleder. Romanen er, slik også den førre var, delt inn i ørsmå kapittel, og med humor, vidd og ein liten porsjon bitterheit reflekterer Birgitte Solheim over tap, sorg, sakn, kjærleiken, døden og einsemda. Høyrest det traurig ut? Det er det ikkje. Det er godt og reflektert skrive, og gjev både lått og tårer i augnekroken. Kjersti Anfinnsen er ein forfattar å merke seg.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Hanne Kvernmo RyeHarald KPiippokattaTherese HolmSigrid NygaardBjørg RistvedtEgil StangelandLinda NyrudPi_MesonStig TAneSynnøve H HoelMarteLailaTine SundalTatiana WesserlingTove Obrestad WøienTor-Arne JensenMalinn HjortlandJoakimIngridLabbelineBenteTheaElisabeth SveeDinaAkima MontgomeryMads Leonard HolvikIngunn SSigrid Blytt TøsdalMarianne  SkageRandiKirsten LundTrude JensenGitte FurusethTone SundlandJon Torger Hetland SalteAlice NordliIngvild SMonica Carlsen