Det var akkurat det eg meinte Bente. Men eg er nok dessverre ingen lingvist, noko som gjer at eg manglar det tvisynet på at språket endrar seg til det betre. Her må du orsake meg, eg er rett og slett ein av dei nostalgikarane som synes alt var så mykje betre før (under krigen)...
Dessutan favoriserer eg ein del ord og ordlydar til fordel for andre. Til dømes synes eg det er svært leit at den flotte "kj" lyden stadig viker plass for "sj" (meiner i alle fall at eg dette er tilfelle). Som den kverulanten eg er brukar eg ofte å korrigere mine venneres "taleskavankar", utan at det ser ut til å hjelpe, det er noko litt sørgjeleg over utsagnet "hold sjeft".
Viser 2 svar.
Eg er einig med deg. Eg trur ikkje sj-lyden er bærekraftig.