Grusom bok. Ikkje dårlig (skjønt endte opp med å høyre den på lydbok heller enn lese den på papir - då ville eg nok ikkje orka å lest gjennom), men grusom.
Om den kvite mann sine overgrep mot urbefolkinga på ei mikronesisk øy, sett frå perspektivet til den kvite mann. Viktig bok fordi den realistisk portretterar ein måte å tenke på som kan få ekstremt destruktive konsekvensar. Som har HATT og HAR ekstremt destruktive konsekvensar, i alle land kor den kvite mann har kome drassande med dette tankesettet sitt.
Eg tok til å lese boka på grunn av fint omslag, fin tittel, fine blurbs og interessant baksidetekst om evig liv. Eg ante ikkje kva eg gjekk til og kjem aldri til å lese den igjen. Grusom, grusom bok.