Livet minutt for minutt.

Etter å ha lese første bandet i Innsirkling-trilogien skreiv eg at: «Eg har Innsirkling 2 liggjande, men kjem nok til å vente ei stund før eg les neste band.» Etter fem år har eg endeleg gjort meg ferdig med andre bandet i denne banebrytande romanserien.

Er dette bandet betre enn det førre? Det er eg ikkje så sikker på, men eg lot meg fascinere av den suggererande, nær symfoniske framstillinga der nokre tema stendig framstår i nye variasjonar og med nye stemmer.

Også denne romanen vert bunden saman av breva som tre hovudpersonar skriv til David om oppvektsten hans på Otterøya utanfor Namsos. Breva gir samla eit bilete av ein vanskeleg barndom. Dette biletet kunne i og for seg vere grunnlag nok for ein roman, men Tiller går som i det første bandet eit skritt lenger. Kvar av brevskrivarane, Ole, Tom Roger og Paula skildrar i tillegg hendingane i deira eigne liv i julidagane 2006, same tidsrommet som breva vart skrive i.
Tilsaman blir det tre intense forteljingar om samliv i krise, der forteljaren er like mykje observatør som deltakar. Sjølv om det her skal handle om tre ulike personlegdomar, synest eg dei likevel har store likhetstrekk. Kvar av dei tre brukar mykje energi på å tolke, eventuelt mistolke, kva andre «eigentleg» meiner bak fasaden av kvardagsfrasar og minespel. Til tider vert det litt slitsam lesing, men Tiller kjem da gjerne med ei overraskande vending som held lesaren fangen.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaTurid KjendlieVioleta JakobsenHarald KsomniferumStig TKirsten LundRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita NessIngvild SBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesBente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda NyrudWenche VargasKatrinGVibekeAvaCarine OlsrødReidun Anette AugustinGladleserTove Obrestad WøienNina