I tilfelle diskusjonar med koronaskeptikarar og vaksinemotstandarar kan ein finna mange saklege og nyttige argument i boka Epidemier (med undertittel en natur- og kulturhistorie). Boka kom ut i 2002 og er på ein måte "utgått på dato", men på den andre sida har ho fått ny aktualitet i samband med den pågåande pandemien. Det var nok også grunnen til at forlaget ga ut boka på nytt i 2020.

Forfattaren Jan Brøgger (1936-2006) var psykolog og sosialantropolog og gjer i boka greie for kva epidemiar og pandemiar har hatt å sei for utforming og utvikling av samfunnet. Han viser også til at folk gjennom tidene alltid har jakta på alternative løysingar og syndebukkar i slike høve. Konspirasjonsteoriar er nemleg ikkje av ny dato: I den mørke mellomalderen vart gjerne sjukdom og pest forklart med syndig livsstil og hekseri, og elles har jo jødane fått skulda for det meste..

I dag ser me at konspirasjonsteoretikarar meiner at Covid 19-viruset ikkje finst og at koronaen er ein del av "ein større plan" og at det liksom skal vera "ein skjult agenda" bak pandemien. Enkelte av desse skrullingane hevdar at koronavaksina ikkje er ei vaksine, men ei giftsprøyte. Sprøyta/vaksinen inneheld aborterte foster og microchip'ar og gudane veit kva andre skrudde teoriar som er lanserte. Og slik held dei på i sine eigne ekkokammer, med andre liknande misvisande og feilaktige opplysningar.

Men eg tenkjer: Takk og lov for at det finst vaksinar! At me er blitt kvitt fryktelege sjukdommar som kopper, kolera, poliomyelitt og tuberkulose skuldast sjølvsagt at dyktige forskarar og vitenskapsmenn- og kvinner har utvikla vaksinar - og at folk flest no er vaksinerte mot desse sjukdommane.

Når det er sagt: Eg skjønnar at folk stiller spørsmål om bivirkningar og er litt usikker på om ei vaksine er trygg. Ein er ikkje konspirasjonsteoretikar om ein er skeptisk. Men då må ein søka opp vitenskapeleg faktainformasjon og ikkje støtta seg på lugubre Facebook-grupper, liksomdoktorar og "Youtube-universitetet".

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Harald KPiippokattaTherese HolmSigrid NygaardBjørg RistvedtEgil StangelandLinda NyrudPi_MesonStig TAneSynnøve H HoelMarteLailaTine SundalTatiana WesserlingTove Obrestad WøienTor-Arne JensenMalinn HjortlandJoakimIngridLabbelineBenteTheaElisabeth SveeDinaAkima MontgomeryMads Leonard HolvikIngunn SSigrid Blytt TøsdalMarianne  SkageRandiKirsten LundTrude JensenGitte FurusethTone SundlandJon Torger Hetland SalteAlice NordliIngvild SMonica CarlsenChristoffer Smedaas