Det er påskestemning i heimen- trass i merkeleg coronatid. Og i påska er krim heilt sjølvsagt her i huset. Har vore på bokhandelen og kjøpt ei tilbodsbok: Den stille uke av Sven Petter Næss. Ein norsk forfattar som er heit ukjend for meg. Har såvidt starta, og det verkar ok- sjølv om språket nok kunne ha vore betre redigert..
Har også ei anna krimbok på vent: Hvit død av Robert Gailbraith. Veit ikkje stort om den, anna enn at forfattaren er ansvarleg for Harry Potter bøkene.
Og om ingen av dei fenger, så har eg nokre krimperler i bokhylla som heilt sikkert toler ei gjenlesing.
Ha ei god helg, kos deg med boka di! ..og God Påske! :-)
Viser 1 svar.
Kjekt med ukjente forfattere og krim. Ha en god helg og god påske :). Boka ble lest ferdig i aften den var kort :)