Felemakaren. Edvard Hoem.

No ligg eg her, lesaren, ser vekselsvis ned i Kindelen og ut i det mørklagte rommet. Ikkje med eit tomt blikk, nei tvert om; eg ser fram og veit der står eit fjernsyn rett framfør meg på veggen der. Eg ser, og det eg ser er mykje klarare enn kva fjernsyn som helst kan formidle.
Eg ser Lars Olsen Hoem når han går frå Åndalsnes til København for å delta i krigen mot engelskmennene. Napoleon var nevnt, men han er ikkje viktig. Kanskje Napoleon var viktig, men han er det ikkje no. Eg synes der er noko rart med foten min, og ser etter om eg har gnagsår - nei, det har eg ikkje. Eg ser mot den mørke skjermen eg veit er der, og føler meg sikker på at hendelsene forfatteren malar frram om slaget mot engelskmennene i København 1801ville blitt sensurert vekk. Lukta. Den lukta av brente skip og menneske, som spredde seg som ein eim på Købens rem, klarer ikkje fjernsynet å mane fram like godt som ei bok gjer det. Ei bok og eit mørkt rom er betre. Då står ikkje teknikken i vegen mellom forfattar og lesar. Sånn er det med den saken.
Sove no? Nei, eg vil ikkje la dette sleppe. Eg har lest boka, men blir ikkje ferdig med ho. Eg tenkjer på dette med å sove, korleis det var å sove på det engelske fangeskipet Brave. Kaldt måtte vere. No frys eg, må rette litt på dyna. Eg tenker på han som miste kona si, veit at mi ligg her, men strekker ut ei hand for eg må kjenne etter for å være sikker. Får lyst til å vekke henne, fortelje henne kva ho betyr for meg, men berre kviskrar det ut i mørkret. Ho har ei jobb å gå til, skal tidleg opp.
Før i tida, tidleg på 1800-tallet, var det einaste sikre at det meste ikkje var sikkert. Det var eit strev. Eg vrir meg og ser i mørkret ut der eg veit fjorden ligg, og er glad for eg slepp å ro ein færing ut for å sikre mat til meg og mine. Eg tenker på for eit liv dei hadde, disse som budde og levde i traktene rundt Harøya, Ona, Bud og Kristiansund - der morsslekta mi hadde sitt hav og opphav. Ei losfamile frå Husøya/Ona. Eller farsslekta, fiskarbønder og håndverkere fra Gurskøya. Er det genane mine som reagerer når Lars spelar på fela si? Er det genane mine som vibrerer saman med lyden fela til Lars?
Eg veit ikkje.
Eg ser ned i min Kindle, blar i biblioteket der, tenker på om Felemakaren er den beste boka som er der, før eg ser ut i mørkret igjen og tenkjer på at ein ikkje skal rangere bøker - dei skal leve sitt eige liv. Eg har nett lest Jakobsens siste bok om Ingrid på Barrøy, Hekneveven av Mytting, og Slutten på historien av Jan Guillou. Historiske romanar alt i hop. Mykje likt i dei norske. Strev i relasjoner, og kunnskap om håndverk, mat og natur var viktig. Sverige hadde adel. Truleg mat også. Lite vind og intet skikkelig hav, men et hav av muligheter.
Denne boka og forfattaren vil nok leve evig i norsk litteraturhistorie. Edvard er den største norske nolevande forteljaren vi har. Dette er skikkelig håndverk, og det er utruleg kor god han er til å skildre anna håndverk - felemaking i sær.

Godt sagt! (19) Varsle Svar

Viser 6 svar.

Omtalen din av boka var treffende for min opplevelse av den enkle, dramatiske, jevne, fattigslige og rike hverdager. Sorgen, og gleden underveis.
Noe av det jeg liker så godt med Edvard Hoem sine bøker er nettop det, beskrivelsen av levde liv, enkle og fullførte.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Jeg har lest "Slåttekar i himmelen", og den likte jeg meget godt. Er det slik at man bør lese de andre bøkene i denne "serien" først, eller står "Felemakaren" seg godt alene?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Felemakaren står gott alene

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Den står seg godt alene.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Fra en natteravn til en annen: Omtalen din gir meg inspirasjon til å lese mer av Hoem, i særdeleshet denne romanen. Etter den store slektskrøniken hans tenkte jeg at han ble for privat og omstendelig, og jeg besluttet å ta en Hoem-pause. Nå skjønner jeg at pausen er over: denne boka må jeg nok lese!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Klart du må. Det personlige er jo bare for å ha en slags rød tråd gjennom en tidsepoke.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

BenteReadninggirl30Berit RTine SundalBritt ElinAnne-Stine Ruud HusevågRisRosOgKlagingIngunn SAmanda AHanne Kvernmo RyeEgil StangelandHarald KReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangStig TAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaKirsten LundJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnieNerakntschjrldMarit HøvdeTurid KjendlieVioleta JakobsensomniferumRune U. FurbergChristofer Gabrielsen