Då har eg og fullført boka om dei einsame «fuglane» ute på fyret.
Trur eg må sei at siste delen av romanen vart litt skuffande for meg. Den første tredelen med Johan, Marie og Darling og alle deira svik og løgner var den som greip meg mest. Eg trudde på personane og motiva for handlingane deira.
Siste delen derimot vart for meg noko platt, overflatisk og lite truverdig...på fleire vis. Handlingane vart utrulege, ikkje minst omkring «kalven» Valdemar.
Mi utgåve av boka er heimehøyrande på biblioteket, og eg hadde tenkt å kjøpe den for å ha i bokhylla. No står eg over...
Men, det er ei bok som har mange diskusjonstema, så mykje vondt som kan finnast i eit lite miljø!
Viser 2 svar.
Jeg er helt enig med deg Hilda, historien om Valdemar (og særlig slutten) ødela helhetsinntrykket. Det å ha dette som en bihistorie er merkelig, som om det ikke er heftige nok historier uten dette. De andre temaene «behandles» på en en respektfullt og nyansert vis, men drapet på Valdemar bidrar ikke til å «belyse» verken historien eller karakterene bedre.
Men kva seier dykk om forholdet mellom Darling og Valdemar? For meg verkar det som om Valdemar er den einaste personen som Darling er ekte glad i. Som barn leikar ho mykkje med den yngre halvbroren, og i leiken tilpassar ho seg til hans nivå, til hans veremåte. Som vaksen i Amerika er det berre han ho sender gåvar til, berre han ho vil besøke når ho kjem heim igjen. Vonbrotet ho kjenner då ho får vete at han er daud, er sikker også oppriktig. Og så får ho si eiga dotter. Også Gro er tydeligvis evneveik. Dette har alle andre sett. For Darling er det, dersom ein skal tru bokas siste ord, noko heilt greit at dottera er slik.