Dei siste dagane har eg lese Ragnhild Holmås si bok «Men du ser ikke syk ut». Boka er ikkje spesielt tjukk, ho har korte kapittel og fleire avsnitt i kvart kapittel, er godt skriven og lettlesen. I tillegg har ho ein solid porsjon humor innbakt, noko som gjer lesinga til ein fryd.

Ragnhild Holmås har i åtte år, sidan ho var 23, hatt ME. I «Men du ser ikke syk ut» skriv ho om erfaringane med eigen sjukdom, både med eigne forventningar til kva kroppen skal tole, sorga over at han ikkje toler det ho skulle ønske, men aller mest omverda og samfunnet sitt syn på hennar og andre sine usynlege sjukdommar. For denne lesaren, som har sjukdommar som gjev fatigue, er det svært gjenkjenneleg å lese boka, og eg har både ledd og grått i gjenkjenning undervegs.

Men i tillegg har boka vore augeopnande, bevisstgjerande. Her er skildringar av korleis ulike sjukdommar har blitt møtt opp gjennom historia. Visste du til dømes at ulcerøs kolitt, som i dag er kjent som ein autoimmun, kronisk tjukktarmsbetennelse, på midten av 1900-talet vart forsøkt læka med elektrosjokk og lobotomi, fordi han vart rekna som ein som ein psykisk sjukdom? Og at mødrene til menn som hadde sjukdommen vart kritiserte for ikkje å ha oppdrege sønene sine som ekte mannfolk? At mange sjukdommar som rammar flest kvinner opp gjennom historia, men også i dag, ikkje gjev status å forske på, og blir bagatellisert av helsevesenet, visste eg frå før av, men her systematiserer Ragnhild Holmås den kunnskapen (med kjelder), og gjer det til overveldande og sjokkerande lesnad.

Dersom du har ein venn, eit familiemedlem, ein kollega eller ein medarbeidar som har ein kronisk, «usynleg» sjukdom, vil du lære mykje, og truleg bli ein betre venn, familiemedlem, kollega eller sjef ved å lese boka. For helsepersonell og dei som arbeider i NAV eller andre instansar som eigentleg er til for å støtte blant andre den kronisk sjuke, burde boka vere obligatorisk lesnad. Dette er god og viktig lesnad, som blant anna vil lære oss at vi må akseptere at det er slik at nokon er sjuke, utan at vi kan «fikse» dei, og utan at det gjer dei til unnasluntrarar, bare til medmenneske.

Godt sagt! (14) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundPiippokattaLinda NyrudLailaElla_BCarine OlsrødVibekeAkima MontgomeryHarald KHanne Kvernmo RyerubbelHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseJarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWangEli HagelundSol Skipnesgretemor