Der det finst fuglar. Maren Uthaug.
Hoddu syn og du bin!!!
Forfattaren er født i Kautokeino, men flytta tidleg til Danmark, der ho no livnærar seg som tegnestripemakar, bloggar og forfattar. For denne boka fikk ho Romanprisen i DK.
Maren Uthaug: som etternavnet avslører, fører blodlinja hennar til Ørlandet på Trøndelagskysten. Slekta har tydelige fortellertradisjonar - og takk Herren for det.
Vil du kome deg litt bort fra pandemier og anna, hopp inn i denne boka og ta et opphald på Kjeungkjær fyr.
Eit fyr kor fyrvoktarane har det med å gå til grunne i.
Handlinga går frå 1920 til ei stund etter krigen. Her er så mykje mellommenneskelig dramatikk, at WW2 blir knapt nevnt. Me følger fyst Johan. Ein gut fra fattige kår som vil bli fyrvoktar for å kunne forsørge seg og mor si etter fars død, men pga dårlege erfaringar med einslege menn i einsomheit, er det krav om at han må ha kone å ta med seg ut. Dette fikser han styggfort en laurdagskveld og eit familiedrama tek av.
Som i dei fleste romanar fra rurale strøk, er prestefamilien, den største garden, og fattige folk, viktige bærebjelkar for romanens bindingsverk. Kjønnsdrift; som maktfaktor, underkastelse, fristelse, overgrep, incest og spreidning av gener også. Her stemmer nok ikkje alt i kirkeboka - for å seie det sånn. Her er også kjærligheit og hat, lengsel, gevinster og tap, fyll og fiolin.
Dette er spenning på høygir.
Fortellergrepet er knallgodt, ved at ho fortél først Johans historie, så etter nokre dramatiske år rykker oss tilbake i tid, og gir oss mykje av historia til dei hine i deira perspektiv; om korfor dei tok dei valga dei gjorde.
Ei fantastisk bok. Det er lenge sida eg har lest meg natta gjennom.
Gleder meg til å lese mer av Maren.