Psykiatriens skyggeside

Oktoberbarn er ei bok som slår deg, held fram å slå deg, for så å ta bustad i hjarta ditt. 125 år etter at Amalie Skram gav ut Professor Hieronimus, visar Linda Bostrøm oss at det framleis er problemer i behandlinga av psykisk sjuke. Det mest smertelege med denne boka er at det framleis finst stader som behandlar sjuke folk på denne måten.

Forfattaren sjølv har sagt at ho ønskjer debatt om det ho klassifiserer som overgrep innanfor psykiatrien, og det burde ho lykkast med i denne boka. For ho forteljer så ekte og så vondt om sine opplevingar som tvangsinnlagt på psykisk sjukehus, at det er eit under om folk ikkje reagerer. Det er ei smerte i denne boka som kjem til å bli verande hos meg i lang tid framover.

Det boka ikkje handlar om

Ein kan like greitt nemne det med ein gong: Linda Bostrøm er ekskona til Karl Ove Knausgård, og store deler av boka handlar om brotet deira. Men det er ikkje det boka handlar om, ikkje eigentleg. Boka handlar om sorga etter eit brot, ja, men hovudsakleg handlar den om korleis det svenske helsevesenet behandlar pasientane sine.

Det er viktig at lesarane, kanskje spesielt dei norske lesarane, hugsar kva denne boka faktisk handlar om. Eksmannen i denne historia er ein av dei største nolevande forfattane me har, og det er veldig fort gjort av oss å sjå oss blinde på sensasjonen i at hans historie får eit anna perspektiv enn det han sjølv har gitt i sine bøker. Om me berre ser det, og ikkje det verkelege poenget, mistar denne boka sin relevans, sin slagkraft. Aller helst bør ein prøve å gløyme kven sidekarakteren i boka er, og fokusere på hovudpersonen; nemleg Linda Bostrøm.

Helsevesen frå helvete

Bostrøm skildrar eigentleg fleire behandlingslaup som var problematiske i denne boka, men hovudsakleg ei tvangsinnlegging ho var gjennom. Under den innleggelsen gjekk ho gjennom ein mengde regelmessige Elektrokonvulsive behandlingar, kanskje betre kjent som elektrosjokkbehandlingar, mot sin vilje. Ei biverknad Bostrøm opplever etter disse, er minner som blir gløymd, og ho skildrar sterkt frykta for å miste fleire minner enn dei ho allereie har mista.

Boka hoppar i tid og fokus ofte, noko som av og til kan vere slitsamt, men samtidig føler ein at det illustrerer veldig godt korleis hjernen hennar fungerte på den tida. Hopper mellom minner, notid, framtid, og hypotetiske situasjonar. Men det som overskyggar alt er smerte, ein forteljar som lider, heile tida; denne smerta blir ho innlagt for å døyve; denne smerta blir berre verre av behandlinga ho får.

Kvaliteten blir krydder

Denne boka er veldig bra skrive, frå byrjing til slutt. Det er ei veldig kort bok, noko som er nødvendig når temaet er såpass tungt; hadde dette vara nokre hundre sider ekstra hadde det fort vore veldig vanskeleg å fullføre. Mørket hadde blitt for stort, boka hadde slått for hardt. Dette fordi forfattaren skriv så levande og ekte, stillar ut sitt indre så me kan ta på det, føle på det. Det er lenge siden eg har lese ei bok som treff på denne måten, og det blir berre enda verre når ein veit at det er reelt.

Trass i at boka er så bra skrive som den er, blir det berre ein bonus. Det viktige med denne boka, det som verkeleg gjer den relevant og nødvendig å lese, er innsikten den gir oss. Den visar oss at det framleis er store problemer med behandlinga av psykisk helse, og me får sjå det gjennom auga på ei av dei som sjølv har førstehandserfaring. Dette er ei bok alle som interesserer seg for psykologi og psykiatri burde lese, og alle andre som interesserer seg i kvalitetslitteratur.

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Hei, veldig einig med deg i omtalen din. Knallsterkt og ei bok eg aldri vil gløyme. Stor kunst!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Tusen takk for grundig omtale av denne boka. Selv om bøkene til Boström Knausgård er korte, er de både modige og velskrevne.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Tone SundlandElla_BSol SkipnesGrete AastorpHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinTove Obrestad WøienRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekStig TSynnøve H HoelHarald KIreneleserFindusBjørg Marit TinholtgretemorAvaKnut SimonsenPiippokattaIngeborg GKjerstiIngvild SritaolineLaila