Godt og gamalt om kjærleiken.

Kjerna i denne stutte boka er seks innlegg om Eros eller kjærleiken. Kvar tale er lagt i munnen på kjende atenarar frå gullalderen for 2 500 år sidan. Kvifor lese ho i dag? Emnet er sjølvsagt interessevekkande, men det er innramminga som gjer boka så morosam. Kvar tale fortel noko om personlegdommen til talaran, anten han er lækjar eller forfattar av skodespel, som Aristofanes. Lækjaren Eryximakos er svært så sakleg og jordnær, medan Aristofanes' tale er fantasifull og herleg usannsynleg.

Mest plass får naturleg nok Sokrates som gir ei poetisk oppsummering og drøfting av dei fem fyrste innlegga. Men i røynda er talen hans lagt i munnen på Diotema, ei kvinne som rett nok ikke er til stades i dette mannlege drikkegildet.

Gjendiktinga til nynorsk frå 1972 fann eg stundom ganske tung. Difor berre fem poeng for eit meisterverk.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Violeta JakobsenHarald KsomniferumPiippokattaStig TKirsten LundRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita NessIngvild SBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesBente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda NyrudWenche VargasKatrinGVibekeAvaCarine OlsrødReidun Anette AugustinGladleserTove Obrestad WøienNinaMaiken