Draumar betyr ingenting er ei poetisk og stemningsfull bok om sorg.

17 år gamle Louise har flytta heimanfrå fordi bestevenen Tormod døydde og ho ikkje takla sorga. Denne sommaren kjem ho heim for å gå i bestemors gravferd, og får jobb på gamleheimen. Me følgjer Louise gjennom sommaren. Ho møter att gamle vener og går på fest, ho kranglar med syster si, og ho slit med panikkangst knytta til sorga.

Louise er ung og usikker på mange ting. Det kjennest så ærleg og ekte. Det var rørande å lese korleis relasjonane utvikla seg undervegs. Korleis haldninga til dei eldre endra seg etter kvar som ho vart kjent med dei, og korleis ho gradvis opna seg til venninna som ho hadde hatt lite kontakt med etter at ho flytta.

Eg vart raskt fanga av stemninga i boka. Dette er ei bok eg trur mange kan ha glede av å lese. Til dømes om ein er ung og har man opplevd sorg. Men dette er like mykje ei bok til vaksne! Det er ei godt komponert bok med nydeleg språk. Truleg kan mange vaksne kjenna seg att frå eigen ungdomstid.

Må lesast!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

IngeborgMarit HåverstadKirsten LundLesevimsaMarianne  SkageBjørg Marit TinholtNorahEllen Lindheim SlettevoldOdd HebækAnniken RøilKaramasov11Astrid Terese Bjorland SkjeggerudJulie StensethChristoffer SmedaasKaren PatriciaBertyFlettiettesiljehusmorSigrid Blytt TøsdalLailaHarald KDemeterIngvild SBeathe SolbergRisRosOgKlagingLars Johann MiljeTrude JensenAnneWangTine SundalIngunnEileen BørresenVigdis VoldBerit B LieAnn ChristinStine SevilhaugErlend Rødal VikhagenIngunn STralteTheaTerje Mathisen