Det er sjeldan eg gidder å lese ei bok fleire gongar. Til det er det altfor mange uleste bøker i denne verda. Men Maria Parr si Tonje Glimmerdal, den har eg lest 3 gongar og eg kjem til å lese den mange fleire gongar. Elskar galskapen, humoren, leiken, fantasien, kjærleiken, at ho skildrar livet så fint, både det vakre i livet, men og det vanskelige. Eg får lyst til å bli kjend med alle personane i boka, og skulle ønske Glimmerdalen og dei som bur der fanst på ordentlig.
Viser 1 svar.
Har denne på leselista. Blei ikke mindre inspirert av denne ytringa :-)