Fantastisk bok! Lenge sidan eg har lest ei så velskreven, realistisk og ikkje minst spennande roman. Picoult er svært dyktig å formidla. Anbefalast alle...! Men den mest gripande biten er historien til den unge kvinna som hamna i nazistanes dødsleire. Du vil ikkje angra på å lesa denne boka! Høg kvalitet og eit viktig tema.
Noko eg derimot ikkje likte med boka var vendinga der hovedpersonen begår barmhjertighetsdrap på den rømte krigsforbrytaren. Skjønar ikkje heilt korleis ho får det til, ho er ei svært samvitsfull og bevisst ung dame. Så her synes eg forfattaren gjer ein logisk brist i forteljinga. Det med å ta livet av eit menneske, anten det er friviljug eller ufriviljug, tykkjer eg er eit etisk område som er problematisk. At heltinna velgjer å gjera dette, synes eg trekkjer ned. Så for meg blir det fem på terningen istaden for seks. Men likevel ei favorittbok for meg.