Då eg gjekk på barneskulen lærte også eg mykje nyttig, og spesielt sløyd og geografikunnskapane har festa seg på minnet. På sløyden lærte eg å pusse ein oppsaga plankebite og kalle det ei skjerefjøl, og ein gong klarte eg, med stor hjelp frå sløydlæraren min, å lime i hop 5 plankebitar, som gav resultatet bokhylle. I geografien lærte eg at Bhutan er eit land i Asia og at 0,2 prosent av det totale arealet i Finnmark er dyrka mark.

Det einaste eg kan hugse frå religionsundervisninga er at vi måtte lære oss dei 10 boda og fader vår utanav, og at eg måtte, saman med halvparten av gutane i klassa, stå fremme ved tavla og skamme meg fordi eg ikkje hadde øvd godt nok.

Utover dette lærte eg naturligvis også å lese, skrive og rekne. Eit av dei første orda eg lærte å lese/skrive var "sil". På den tida viste eg ikkje kva ei "sil" var for noko, men no veit eg at ei "sil" er det vi i heimbygda mi kallar eit dørslag.

Alt i alt er eg godt nøgd med utbyttet av dei 6 første åra i grunnskulen.

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Det einaste eg kan hugse frå religionsundervisninga er at vi måtte lære oss dei 10 boda og fader vår utanav, og at eg måtte, saman med halvparten av gutane i klassa, stå fremme ved tavla og skamme meg fordi eg ikkje hadde øvd godt nok.

...og det er jeg glad jeg og de som går på skolen etter meg slipper. At de glemmer "historien" bak himmelfarten og pinsen er en akseptabel bivirkning, synes jeg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Enig =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundHanneTanteMamieReadninggirl30Akima MontgomeryIngvild SNeraRisRosOgKlagingCathrine ØHarald KTheaNinaHeidi HoltanRune U. FurbergRufsetufsaBritt ElinStein KippersundTorill RevheimLinnEllen E. MartolGro Anita MyrvangTherese HolmHanne MidtsundHeidi LChristofferEvaStine AskekntschjrldMaikenLars MæhlumToveanniken sandvikTalmaLilleviKari ElisabethBerit RSynnøve H HoelIreneleserTor Arne DahlMarte