Tja eg har vel ein del sære lesevanar. For det første klarer eg ikkje å berre lese ei bok om gangen, eg må alltid ha 3-4 bøker frå ulike genrer, samt også eit par lydbøker tilgjenglege, dette fører til mange uferdige bøker.
Eg kan lese over alt uansett støynivå, untatt når det er sambuaren min som er kjelda til støyen.
Eg reknar ofte ut kor mange prosent av boka eg har fullført, medan eg les.
Eg må ha ei "dobok".
Eg sovnar alltid med ei lydbok på øyret, og meiner bestemt at eg klarer å absorbere det meste av innhaldet, medan eg søv ;)
Og ikkje minst; eg legger til boka på "bokelskere" med ein gang den er fullført.