«Vi hadde flytta til byar. Vi studerte. Vi gjekk på pub. Vi diskuterte ting vi ikkje hadde greie på, til langt på natt. Vi saug til oss kultur vi eigentlig ikkje likte. Vi gjekk i sentrumsgater. Vi fekk nye venner, ny smak og nye rundar med servering. I det heile tatt: Vi dreiv på. Eg meinte – og meiner framleis - at det meste av det beste livet har å by på inkluderer folk, gjerne mykje folk, og mykje lyd. Og at når nokon har gjort seg umaken med å finne opp sånt som veggar og tak og hotellbarar, då er det rett og slett litt utakknemlig å bu i telt. Vi flytta til byen, brukte byen, likte byen og såg oss ikkje tilbake. Vi var mange som hadde det sånn.
Men.
Dei fleste har det jo ikkje sånn resten av livet.
Dette går over. Det er det. Når du er ferdig med studia eller kva det no er du bruker som unnskyldning for å flytte til ein by. Når du blir vaksen, slår deg til ro, skrur ned tempoet. Då skjer det noko. Da får du andre verdiar.
Då kjem du plutselig på at du eigentlig elskar naturen.
Dette har skjedd nesten alle eg kjenner. Men ikkje meg.»
Jeg har stått lenge i bibliotek-kø for å låne og lese boken til Are Kalvø Hyttebok frå helvete. En komikers motvillige forsøk på å lære seg å elske naturen.Nå er det lest og jeg likte den som forventet.