Her er det nydeleg vær! Tjuvstarta værnytinga i går med ein lang tur i skog og fjell, med lydbok på øyret - Peter Swansons "Den tikkende kvinnen". Ser at boka ikkje har fått særleg gode tilbakemeldingar, men eg koser meg - foreløpig - godt med ho likevel, mykje på grunn av dyktig opplesar.

Elles starta eg laurdagen med å lese ferdig "Fried Green Tomatoes at the Whistle Stop Café". Og tenker å sjå filmen også etterkvart. Spendt på å sjå korleis dei har fanga historien på skjermen ettersom boka hopper veldig frem og tilbake i tida, og også forteller deler av historia via avisutklipp osv. Likte boka, men ikkje like godt som eg håpte. Trur rett og slett kanskje eg ikkje var i riktig humør. Syntes óg det var litt for mange namn/karakterar å halde styr på. Syntes og det blei litt for usamanhengande med så mykje fram og tilbake i tid.

Så no må eg finne meg ny bok - hadde mange på lista mi klar, men brått frista dei ikkje likevel og eg tok litt på måfå fram boka "Gåten" av Jesse Burton - så det blir nok neste bok ut med mindre humøret endrar seg drastisk i løpet av dagen. Ein laurdag som byr på ein klatreøkt, middag ute og "Gratulerer" med Else Koss Furuseth - ikkje mykje tid til overs for lesing i dag, men andre ord.

Sundag er eg aleine heime heile dagen, så foruten ein god tur ute i vårlufta, blir det nok ein god og lang lesestund også.

God helg! =)

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Så den filmen for mange år siden, det var en typisk jentefilm. I positiv betydning.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Filmen er nydelig, en av mine favoritter!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

LilleviSvein Erik Francke-EnersenBjørg L.Ellen E. MartolKaren PatriciaTanteMamieAnniken RøilVannflaskeTine SundalmarvikkisAlice NordliMorten MüllerKirsten LundTove Obrestad WøienStig TNeraMonaBLAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHarald KEvaRisRosOgKlagingJane Foss HaugenAnne-Stine Ruud HusevågBård StøreBjørn SturødAlexandra Maria Gressum-KemppiKaramasov11Vigdis VoldKareteRonnyYvonne JohannesenNora FjelliDemeterAneIngeborg GPiippokattaEivind  VaksvikAvaMonica CarlsenElisabeth Svee