Denne helga, og sannsynlegvis også resten av mars månad, blir eg nok sittande med nasen i Charles Dickens "Vår felles venn". Er kome litt over halvvegs denne veka, og det er vel faktisk først no at eg har begynt å like boka. Har slitt meg gjennom dei første tre hundre sidene: Mange karakterar å halde styr på, Lange og "unaturlege" dialogar, og i det heile tatt ikkje det enklaste å lese trass i god og solid oversetting. Formuleringane og språket genelt seier liksom ingenting direkte, det meste blir hinta til, implisert. Dette gjenspeiler jo veldig tidsperioden så eg anser det som del av sjarmed med å lese klassikarar, men når boka i seg sjøv er på nesten tusen sidar er det slitsamt i lengden og i blandt blir eg utålmodig og vil berre be Herr Dickens om å "BERRE SEI DET DIREKTE SLIK EG SKJØNNER KVA DU VIL FORTELLE!!!!". :-P

Men ... no har det iallfall løsna litt, trur eg, som om eg etter eit visst antall sider "plutseleg" har fått det enklare føre meg korleis eg skal lese og forstå. Så, trass i at eg kanskje verker litt negativ her, så er det altså det motsatte eg vil seie; at eg no, endeleg, har starta å like boka!

Ein ting er iallfall klart - etter denne skal eg definitvit lese noko svææææært lettlese og "feel-good"!

I lydbok-verda er eg også aktiv om dagen - går mykje tur, gjer ein del husarbeid osv og syntes då at lydbøker er godt selskap. Er dog ein smule småsjuk og pjsuk og ikkje heilt oppmerksam - så eg er veldig glad for å ha "oppdaga" Robyn Carr sine koselege romanar. Har lytta til dei fire bøkene i serien "Sullivans Crossing", og er no i gang med ei ny serie: "Virgin River" - som eg deretter, heilt tilfeldig, fann ut at skal bli til TV-serie i løpet av året. Dette er svær enkle bøker mtp plott og karakterar, og bøker eg nok aldri ville valgt frå ei bokhylle - litt sånn "guilty pleasure" & chick-lit. Eg fann bøkene fordi eg tidligare lytta til ei bok lese av Therese Plummer og eg elska lesestilen og stemma hennar. Og det er altså også ho som leser desse bøkene.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

LilleviSvein Erik Francke-EnersenBjørg L.Ellen E. MartolKaren PatriciaTanteMamieAnniken RøilVannflaskeTine SundalmarvikkisAlice NordliMorten MüllerKirsten LundTove Obrestad WøienStig TNeraMonaBLAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHarald KEvaRisRosOgKlagingJane Foss HaugenAnne-Stine Ruud HusevågBård StøreBjørn SturødAlexandra Maria Gressum-KemppiKaramasov11Vigdis VoldKareteRonnyYvonne JohannesenNora FjelliDemeterAneIngeborg GPiippokattaEivind  VaksvikAvaMonica CarlsenElisabeth Svee