Fire glitrande stjerner!
Denne boka blei berre betre og betre. Det er ingen sterk spenningsbok dette. Det er ei roleg bok fullstappa av kjensler. Handlinga foregår relativt sakte, men eg blei likevel oppslukt av boka og las ho fort ut.

Ei gatekatt blir tatt inn i hus av ein katteelskande ungkar. Nokre år seinare må katta få ny bustad då ting endrar seg i livssituasjonen til denne mannen. Mens han leiter etter ein ny og eigna plass for katta reiser dei to i lag til desse aktuelle stadene - som sjølvsagt ikkje er gode nok for den fantastiske katta hans. Undervegs i reisa, via menneskene han oppsøker, får vi innblikk i fortida og oppveksten. Samstundes fortsetter handlinga her og no fram til den endelege staden der katta skal fortsette å bu

Ei bok for alle!
Særleg er dette ein "must read" for alle dyreelskarar. Men ein treng ikkje vere katteeigar for å like denne boka (eg har ikkje katt!).

Fordattarinna vekslar elegant mellom å fortelle i tredjeperson og å la katta fortelle mykje av historia frå si stemme i førsteperson.

Boka er kjenslerik utan å bli sentimental, situasjonar og kjensler er gjenkjenbare, karakterane er truverdige, språket er godt - mykje blir fortalt på desse 250-isj sidene, det er ikkje noko overflatisk og unødig, ingen overdrevene lange skildringar og dialogane fluter også godt.

Les les les!!!!

Feel good (og litt feel sad) på sitt beste

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Lene NordahlKirsten LundJulie StensethLars MæhlumEvaV. HulbackStig THegeMorten JensenYvonne JohannesenBjørg Marit TinholtjunieSissel ElisabethLilleviTine SundalmgeSigrid NygaardKjell F TislevollBjørg L.MarenLailaPiippokattaTurid KjendlieSverre HoemTove Obrestad WøienmarvikkisEgil StangelandHenrik  Holtvedt AndersenAlexandraIngunn SAvaWencheHarald KCathrine PedersenJanne Kristin HøylandTralteAnniken BjørnesTanteMamieAnette Christin MjøsVannflaske