Debutant som er nominert til P2-lytternes romanpris i 2019. Ei svært spesiell bok om Raisa som reiser til Finnmark for å vera med på oppbygginga av den nye staten Davinasti med dottera Nasti etter å ha sitte i nordmennenes fangeleir på Falstad i N-Trøndelag. Det er krigstilstand mellom nordmenn og samar, og stormaktene er også blanda inn: Boka er skriven på nynorsk iblanda ein god del nordsamisk ( ordliste bak!), noko som gjer at lesaren må jobbe ganske mykje for å koma inn i handlinga.
Boka kan nok også lesast som ein allegori over mange slags krigar, nærliggande er å tenke på borgarkrigen mellom tamilar og srilankesarar, Palestina/Israel, tidlegare Jugoslavia.
Da eg kom inn i boka, vart ho lesverdig, men på den negative sida må noterast at karakteren Raisa blir for lite levande for oss.
Trur ikkje dette er vinnaren i år, men eg spår at Rajah kjem sterkare tilbake, her er lovande taktar ndg språk og idear,
For meg var det gjevande å bli lit kjent med samisk kultur og språk, og eg vil gjerne lære meir

Godt sagt! (4) Varsle

Viser 1 svar.

Eg har begynt på denne boka nå, og er ganske einig i det du skriv: ein må vere ganske aktiv lesar for å kome inn i historia. Eg skulle for øvrig sett at forfattaren hadde brukt fotnoter på kvar side, i staden for å samle ordforklaringane bakerst i boka. Det er ganske forstyrrande for leseopplevinga å bla att og fram i boka, heile tida.

Godt sagt! (0) Varsle

Sist sett

Tine SundalLaddenLilleviKaren RamsvikHeidi LNorahINA TORNESTone Maria JonassenHelena EEivind  VaksvikArne SjønnesenDolly DuckVidar RingstrømgretemorMaikenHarald KKaramasov11AvaMorten MüllerKjerstiIngvild SVibekeReidun SvensliTonje SivertsenGrete Aastorpingar hKristinEvaVebjørn FagernesCecilieJan Arne NygaardMarit HøvdeElin Katrine NilssenHilde H HelsethalpakkaKirstenSynnøve H HoelPiippokattaHeidiIngunn