Etter at eg las ut boka The Color Purple av Alice Walker for nokre dagar sida har eg slitt med å ta fatt på ny bok. Denne boka gjekk sånn inn på meg, på godt og vondt, at eg liksom ikkje heilt klarer engasjere meg i ny bok... Så dei siste to dagane har eg lese ymse lyrikk, samt nokre noveller av Haruki Murakami. Men no har eg funne meg ein mild kosebok (trur eg!) - "When I Found You" av Catherine Ryan Hyde. Har nyleg lese to andre bøker av henne og elska dei såpass at eg ville lese meir av same forfattarinne, så no kryssar eg fingre og tær for at denne leverer like godt som dei føre to, for dei elska eg... (Dei var forresten bøkene "Sommeren med August" og "Where We Belong" - nydeleg bøker eg verkeleg anbefaler! Rørande, ekte, truverdig, sårt, morosamt ... relativt origanle plott, gode karakterar ein blir glad i... lett og flytande språk. Kort og presist; ikkje langdryge mursteiner, men heller ikkje overfladisk og "for kort").

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

MarenGitte FurusethBerit RSolveigTorill RevheimTine SundalTore HalsaAnniken RøilSt. YngheadAnn ChristinKirsten LundPiippokattaTherese HolmBjørg Marit TinholtSolNicolai Alexander StyveKarina HillestadAnneWangIngvild SRandiAJakob SæthreKarin BergEirin EftevandmarithcEster SIreneleserHedvigBeathe SolbergGro-Anita RoenHelge-Mikal HartvedtMarianne  SkageVibekeAndré NesseVariosaSiv ÅrdalIngebjørgHarald KSigrid Blytt TøsdalSissel ElisabethHilde Merete Gjessing