HANDLING
Seriens første bok – opnar med ein Jarle Klepp på veg til skulen etter endt juleferie. Han går i andre klasse på Kongsgård – ein vidaregåande skule i Stavanger sentrum. Her likar han seg sånn passeleg godt – han har funnet si plass, føler han. Saman med bestekompissen, Helge, og kjærasten, Katrine, utgjer dei ein fin liten trio som trur og brenner for det same. Mykje av det same, iallfall. Eller? Dette er nemleg noko som skal endre seg litt for Jarle i tida framover, dette med at alt han trur på kanskje ikkje er så enkelt, så svart på kvitt. Jarle skal oppdage ein del nyansar av grått denne vinteren/våren. For på denne dagen her, etter juleferien, skjer det noko som skal forstyrre denne vesle triangelen av lukke og tryggleik – og kva anna enn eit anfall forelsking kan vel forstyrre idyllen meir? Jo, forboden kjærleik som ein ikkje innser at er kjærleik, ein forelsking ein ikkje vil ha og som ein ikkje klarar skru av. Det er nemleg ein ny elev på skulen denne dagen. Han heiter Ynvge. Og han vekker nye kjensler i Jarle som Jarle både vil utforske og samstundes ikkje. Jarle er ambivalent. Jarle er forelska. Og det skal endre på mykje, både for han og for dei rundt han. I tillegg til dette hovudplottet, får vi som lesarar også eit visst innblikk i fortida – via korte tilbakeblikk får vi eit inntrykk av ein barndom med alkoholisme, ustabile forhold heime, og konfliktar som til slut førte til skilsmisse.

DET EG LIKAR SÅ GODT MED DENNE SERIEN OM JARLE:
+ energi og futt og fart
+ humor i bøttevis; både via handling/plott, men også gjennom språket
+ ingen ”daude” parti; ein rekker ikkje bli rastlaus og lei mens ein leser, det er god driv heile vegen.
+ Bilete mitt av Jarle Klepp er komplett; eg føler verkeleg eg blei kjend med han gjennom desse bøkene. Eg følte eg visste litt kor han sto og stilte seg mtp diverse tema… litt sånn ”Typisk Jarle å reagere slik!” – og då skal ein kjenne eit menneske (eller fiksjonell karakter….) ganske godt. Samstundes kjenner eg han ikkje heilt – for eg lærte heile vegen noko nytt om han. Ja, Jarle Klepp slutar aldri å overraske – og nettopp dette gjer han så ekte, for slik er det med menneske ein kjenner godt ”in real life” og – dei har mange lag og uansett kor godt man trur man kjenner sine vener vil ein ALLTID kunne oppdage noko nytt ved dei.
+ Elskar at stadene er ekte, sikkert ekstra gøy for meg som rogalending sidan eg kjenner meg att.
+ Nostaligisk og tidsriktige skildringar gjer at ein kan føle seg ekstra engasjert og medrevet (men for yngre lesarar kan dette kanskje ha motsett effekt – at ein ikkje kjenner seg att…tamagocchi, kva var det?, liksom. Sjølv hugsar eg godt datadyr-dagane, men for ein tenåring i dag er nok dette heilt gresk)
+ Setter enorm pris på kor djupt forfattaren har gått inn i hovudet til Jarle Klepp – det kjem klart ut av teksten at dette er basert på noko ekte – om ikkje handlinga er reell, så er iallfall kjenslene i boka bygga på noko ektefølt. Det kostar å skrive på denne måten kor ein utleverar og visar fram hovudpersonens innste kjensler på denne måte.
+ Trass i mange såre episodar og ein tøff barndom, leser eg bøkene med eit smil. Eg får genuin medkjensle for karakterane – ikkje berre for Jarle. Og, denne sympatien er ikkje eit resultat av at karakterane har det vanskeleg; dei vert ikkje skildra som stakkarslege, hjelpelause ofre, men som heile menneske med mange lag.

(Utdrag frå omtale av heile bokserien - henta frå bloggen min https://spraakraadblaagg.wordpress.com)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Amanda AHanne Kvernmo RyeEgil StangelandHarald KReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangStig TAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaKirsten LundJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnieNerakntschjrldMarit HøvdeTurid KjendlieVioleta JakobsensomniferumRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_VannflaskeGodemine