Eg har funnet ei lydbok eg har blitt fullstendig oppslukt av - Død eller levende av Michael Robotham. Spennande plott, flotte karakterar og formidla på godt språk med mykje humor. Og Christoffer Staib gjer ein kjempeflott opptreden som innlesar.
Lyttar mens eg går tur og sidan eg har lært meg å strikke (forsøker iallfall) har det blitt mykje lytting i dag.
Elles leser er boka The Light Between Oceans som har fått mykje god omtale. Etter 150 sidar har eg endeleg begynt å like historia. Skal sjå filmen på Netflix etterpå, blir spennande å sjå denne utspelte seg på skjerm.
Desse to bøkene er forresten veldig gode å lese parallelt ettersom dei er så utruleg ulike! :-)
Elles skal eg nyte helga med klatring og feiring av tredveårsdagen eg hadde for halvanna uke sida. Blir nok litt lesetid mellom slaga òg men det er ikkje ei prioritering denne helga.