Denne veka las eg ferdig serien om Jarle Klepp (Tore Renberg), og så starta eg på ei bok eg lenge har venta og gleda meg til - Killing Commandatore av Haruki Murakami. Eg var så gira på denne boka at då eg bestilte på adlibris, fekk eg ikkje med meg at det var den danske versjonen eg klikka på...så eg blei mildt sagt skuffa då "bog 1" viste seg ikkje å vere norsk. Og då den norske oversettinga framleis ikkje er tilgjengeleg for sal, bestilte eg den engelske. Som eg no endeleg er i gang med. Var litt ambivalent mtp å lese ho - for eg er stor fan av Murakami og såg fram til ein god fortelling, men kritikerne har vore relativt lunkne med sine vurderinger. Heldigvis er ikkje eg ein slik bokkritikar, for eg elsker boka og storkoser meg med ho!
Så denne helga er det Murakami sine ord som opptek meg. Det blir dog mindre tid enn normalt til å lese fordi det skjer ein del andre ting denne helga - barnevakt, strikke-festival og krus, klatring og kjæraste-tid. Og med eit nydeleg haustver blir det og ein god tur, tenker er. Men eit par ti-tju-tredve sider her og der blir det heldigvis rom for. :-)
I lydbok-verda har eg omsider funne meg ein krimserie eg trur eg kan like - S. J. Bolton si serie om Lacey Flint. Er i gang med bok nr 1 no; "Now You See Me". Lytter til den norske versjonen heller enn denengelske, rett og slett fordi eg likar stemma og stilen til den norske opplesaren betre.
(Har forresten elles forbanna meg over ein rekke krimbøker som overhodet ikkje fenger! Blir meir og meir kresen merker eg. Nesbø, Fossum,Torkil Damhaug, Stieg Larsson, Håkan Nesser, Michael Connelly - dei leverer alltid og vil alltid vere favoritter. Blandt det nye som kjem syntes eg dessverre det meste er "brukt opp" frå før av - både kva gjelder karakterar og plott. Etterforskere eller journalister som ofte enten er "underdogs" eller sliter med pille/alkohol-misbruk, eit drap eller forsvinning som viser seg å vere meir innvikla enn ein hadde trudd, overordna etterforskarar som er kritiske til hovudpersonen sine teoriar - som til slut viser seg å vere riktige... Syntes også at språkeleg kvalitet ofte er heilt forj**** dårleg... Altså sliter eg med å finne gode krimbøker som fenger.
huff... eg er ikkje gretten altså...eg er ikkje i ferd med å bli ei gamal grinebiter av ei kjerring... eg er berre meir selektiv no enn før... likar eg å tru.)