I dag blei eg ferdig med Dostojevskij si Forbrytelse og straff som eg har brukt denne veka på å kome meg gjennom. Fantastisk bok!!skjøner godt at den har fått klassikar - status. No ville eg ha noko heilt anna og har derfor starta på Jarle Klepp - serien til Tore Renberg. Skal på forfattarmøte med han i starten av november og tenkte det dermed var ekstra passande å lese desse bøkene no. Hara frå før lese Teksasserien og Du er så lys og har elska alle bøkene hans så langt. Så no gler eg meg til å fordjupe meg ytterlegare i hans litteratur. Litt ekstra gøy når ein sjølv er oppvaksen i Stavanger og kjenner igjen passende handlinga utespelar qseg på
Lydbokmessig har eg nettop starta på "the death og mrs Westaway" av Ruth Ware. Dette er ein typisk psykologisk thriller, vil eg tru - basert på dei to andre bøkene eg kjenner til av same forfattar. Har ikkje likt bøkene sånn veldig godt men opplesaren er svært dyktig og eg er i humør for denne slags bok akkurat no. Lettlest (letthøyrt?), underhaldande, overdra attisk... litt "guilty pleasure", rett og slett. Slikt gjer godt i blandt. Som om eg liksom må nullstille det intellektuelle etter å ha lese Dostojevskij... Hehe