Flott historie frå bygde-Norge på 1700-talet. Scena er ei flatbygd på det indre austlandet ein stad, og skogsbygda som ligg bakom den igjen. Flatbygdingane ser litt ned på skogsbygdingane, som igjen helst ikkje vil ha noko med flatbygdingane å gjere. Her er det generasjonar med mistru og vondt blod som har fått bløme fritt. Fremst i denn bygdestriden stend storgardane Borgland i flatbygda, og Bjørndal i skogsbygda.

Det er Bjørndalsfolket som er hovudpersonane i denne forteljinga. Eller først og fremst Dag, lesarane møter han som ung gut når faren blir bedt av flatbygdingane om å felle ein slagbjørn, og vidare som bonde på Bjørndal og gjennom det er han også nærmast ein høvding for heile grenda. Medlemer av slekta fell frå, og nye kjem til. Men ein blir også litt kjend med folk frå Borgland, samt frå ein by som ein må anta er Kristiania.

Der er mange temposkifte i boka, temmeleg dramatiske hendingar er unnagjort i løpet av nokre få linjer, og så kan forteljinga dvele lenge ved kvardaglsege scener, eller ved den storslåtte naturen, eller ved kjenslelivet til Dag eller nokon av dei andre. Språket er noko gamalmodig, også utover det ein kan vente frå ei bok frå 1933. Dette er nok eit medvite verkemiddel frå forfattaren, for å ta lesaren med seg attende i tida. Og denne lesaren blei verkeleg med på tur, for dette var ei fengande og god forteljing. Boka er den første i ein trilogi, og eg satte straks i gang med å lese vidare i trilogien etter at eg var ferdig med den.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Sist sett

Ole Jacob OddenesHarald KRune U. FurbergNinaMads Leonard Holvikingar hTralteKirsten LundsveinMarit HåverstadFrode Øglænd  MalminEvaRandiAHilde H HelsethPiippokattaBente NogvaTone Maria JonassenHilde Merete GjessingLisbeth Marie UvaagBeathe Solberganniken sandvikEllen E. MartolTonje-Elisabeth StørkersenBjørg RistvedtStig TFriskusenElin SkjerengKristine LouiseIngunn SLailaEivind  VaksvikTrygve JakobsenEmil ChristiansenMarianneNBjørg L.Karin BergSverre HoemBjørg Marit TinholtKaren PatriciaVigdis Vold