Det mektigaste veit eg ikkje, men boka åpna jo for mange interessante betraktningar om kva som gjer ein til eit menneske. Ein har på den eine sida androidane, som er så menneskelike at den einaste måten å skilje dei ut på er å teste evnene til empati. Og boka tek også som snarast opp problemstillinga ved feilaktig å pensjonere eit menneske på grunnlag av slike testar. På den andre sida har ein menneska som er så stråleskada at dei blir sortert ut som annenrangs, Ville menneska som set opp kriteria for denne sorteringa kunne passere ein empatitest?
Forøvrig hadde eg stor glede av å halde boka opp mot filmen. Eg såg den oppatt på Netflix i helga, og liker den framleis veldig godt.