Kvar enkelt av dei 9 novellene i denne samlinga startar med ei erklæring om at hovudpersonen i den aktuelle novella ikkje skullle ha gjort eit eller anna. Dette «eit eller anna» spenner frå heilt trivielle ting, som å kjøpe ein teaterbillett eller ta ein drink, til meir drastiske åtgjerder som å slå ned julenissen. Uansett, så får tinga som ikkje skulle ha vært gjort negative konsekvensar av eit eller anna slag. Det vekslast mellom forteljingar i første person og i tredje person. Lengda på novellene varierer noko, frå 12 til 86 sider. God variasjon i det meste, altså.
Mange av novellene har ein ganske melankolsk tone. Det er kanskje ikkje så rart, i og med anslaget. Likevel er det også streif av humor. Enkelte av novellene har også ein uventa vri mot slutten. Den siste, med den treffande tittelen «Selvprotrett» er for øvrig av sjølvbiografisk karakter, og eit ungdomsfotografi av forfattaren på innsida av bokomslaget ser ut for å høyre saman med denne historia. Artig.
Alt i alt ei brukbar novellesamling, men den kjem ikkje heilt opp mot det beste eg har lest av denne forfattaren.