Eg liker godt bøkene til Jørgen Brekke, dei fleste av dei eg har lest handlar om politietterforskaren Odd Singsaker. Det gjer denne boka også. Brekke har vist ein del variasjon i måtane han bygger opp historiene sine på, og han har tilegna seg eit godt handlag med å stykke opp parallelle forteljingar slik at plottet gradvis blir klarare for lesaren.

I denne boka gjer han eit grep han berre så vidt har tøtsja borti i eit par av dei andre bøkene, heile boka kan nemleg lesast som ein kommentar til kriminallitteratur som genre, eller ein metaroman om ein vil kalle den for det. Sentralt i boka er forfattaren Anthon Bruun som har gjeve ut boka «Alle kan drepe». Merkeleg nok så får Singsaker ei drapssak i fanget under eit bokbad med denne forfattaren. Er det tilfeldig at drapsofferet, som er litteraturforskat, er skoten med ein Nagant-pistol, same type pistol som den i Riverton-prisen?

Og så har vi denne gjengen med ungdomar som er på sommarjobb i Sverige i 1992 då, kva har dei med saka å gjere? Den smårare Selma, som fleire av gutane svermar for, tek i alle fall til orde for at nokon av dei andre i gjengen kjem til å take livet av henne i løpet av sommaren. For det er nemlig slik at alle kan drepe. Høyrest det kjent ut?

Undervegs i lesinga fekk eg kjensla av at det har gått litt for fort i svingane for Brekke denne gangen. Ideen med å skrive ein krimhistorie som er ein kommentar til krimlitteratur er god, og boka skårar bra med plusspoeng på dette. Men sjølve krimforteljinga tykte eg var litt for lettvint. Hadde forfattaren det så travelt med å kose seg i metaroman-bobla at han gløymde av å tenke ut ei meir intrikat historie? Ja ja, det kan i såfall vere eit teikn på at har spart på eit ordentleg godt plott til neste bok. For det kjem vel fleire bøker om Singsaker? Det vonar i alle fall denne lesaren.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Vidar RingstrømritaolineAnne-Stine Ruud HusevågRufsetufsaWenchePiippokattaMorten MüllerMads Leonard HolvikHarald KAndreas BurøsomniferumHanne Kvernmo RyeDagfinn JakobsenSynnøve H HoelTor-Arne JensenTheaKirsten LundCarine OlsrødEli HagelundBjørg L.LailaEgil StangelandBertyAgnete M. HafskjoldSilje-Vera Wiik ValeEvaDemeterHeidi LTone Maria JonassenEster SGodemineInger-LisealpakkaBookiacMalinn HjortlandIngunn SAstrid SæverhagenTanteMamieTonjeNorah