Det er ufatteleg kva folk kan finne på. Tøme byar for folk og sende dei ut på landsbygda for å dyrke mat er sikkert effektivt for å jevne ut sosiale ulikheiter, men når resultatet er at alle får dårlegare levekår så er det begrensa trøyst i at det er meir likt for alle enn det var før. Og når i tillegg store delar av innbyggarane i landet døyr i prosessen, så skal man vere ganske radikal for å kunne forsvare den. Legg til etnisk rensing samt utrensking av intellektuelle og andre potensielle motstandarar av regimet så har ein ei kort oppsummering av kva Raude Khmer dreiv på med i Kambodsja på 70-talet. Det var sikkert godt meint i utgangspunktet, men det blei altså frykteleg gale.

Denne boka er vitnesbyrdet til ei ung jente frå ein privilegert familie som kom seg levande igjennom desse åra og etter kvart greidde å flykte frå landet. Forteljinga er ein roman, men hendingane er tufta på forfattaren sine eigne opplevingar. Det er ingen analyser eller drøftingar i boka, og forteljinga er forbløffande likefram og fri for direkte anklager mot overgriparane. Det er faktisk ein slåande kontrast mellom den nøytrale forteljarstilen og dei grusome hendingane som blir skildra.

Språkleg er boka lettlest, sjølv om det er tungt å ta inn over seg at folk kan gjere slikt mot einannan. Eg er usikker på kor verdfull boka er for innsikt i Raude Khmer sitt styre som sådan, men som døme på kor gale slike sosiale eksperiment kan bere i veg så er den framifrå.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaHarald KKirsten LundLene AndresenHeleneErlend Rødal VikhagenRisRosOgKlagingWilliam BillisonMonaBLBeate KristinBente NogvaEivind  VaksvikTone HDemeterTrude OmaToveDolly DuckAvaRandiAElisabeth SveeJoannHilde H HelsethStine SevilhaugKathinka HoldenTove Obrestad WøienJarmo LarsenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseIngunn ØvrebøHilde Merete GjessingritaolineElin FjellheimRufsetufsaTonesen81Synnøve H HoelMarteSverreReadninggirl30FredrikIngunn S