Tilbringer helga til fjells på familietreff med svigers så det blir mykje bilkøyring og sosialisering og lite lesing.. Får meg ei time no då og skal lese vidare i Torkil Damhaugs Glasshjerte. Elles gleder eg meg over at når eg reiser heim frå fjellet i morgon så er det med tre "nye" bøker i bagasjen. Fann nemlig eit halvt tonn bøker stående på ei gamal hytte her oppe og særleg tre av dei vekte interessa og då svigermor seier "vær så god, berre ta dei!",ja då... Då kommer ein heim med
Anne Franks dagbok
Seierherrene av Roy Jacobsen
Rebecca av Daphne du Maurier