Elisabeth Brenner drar til den vesle plassen Einvik for å samle inn opptak av befolkningas dialekt som skal brukast i eit forskningsprosjekt ved universitetet i Bergen. Dette gjer ho i regi av NAV ettersom ho er på attføring og har vore arbeidslaus sidan ho gjekk på ein smell for to år sida. Vi følger ho til Einvik kor ho skal bu dei neste vekene mens arbeidet pågår. Vi følger Elisabeth og alle menneskene ho blir kjent med... Eller "kjent" med på Einvik. Slik eg ser det er sorg, einsemd, behov for aksept og eigenverdi, sosiale behov og tilhøyring sentrale tema her.

Eg er virkelig glad for at eg kjøpte denne boka og ikkje berre nøyde meg med eit bibliotekslån, for denne kjem eg til å lese igjen seinare. For meg er det eit solid kvalitetsteikn når ein føler at det er meir å hente i boka, meir å tolke, ei kjensle av at eg kanskje vil oppleve boka annsleis ved ei anna anledning. Dette meiner eg fordi houvedpersonen i stor grad kan tolkes ulikt av ulike lesare. Ho beskriver aldri seg sjølv direkte, her blir ho skildra indirekte gjennom handlingane, holdningene og tankane sine.

Las mi første bok av Eikemo i fjor - Alt inkludert - og bestemte meg alt då for at eg definitivt må lese meir av ho. Og eg fekk omsider gjort det og angrar litt på at eg venta så lenge for eg er høgst begeistra for både skrivestilen, karakterane, plottet og språket!

Les denne dersom du vil ha noko:
Humoristisk - ofte litt mørk og ironisk
Samfunnskritisk og aktuell
Morosam utan at det er tvunget
Realistisk og samstundes absurd
Originale og sære karakterar
Som er underholdende utan at det blir fjasete og dumt
Ei bok med dybde som du kan lese igjen og sannsynligvis oppdage ein god del du gjekk glipp av første gong, eller iallfall kanskje oppleve fortellinga på ei anna måte.
Å tenke på sjølv etter at siste sida er lest

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Linda NyrudHeidiTine VictoriaJulie StensethHelen SkogAndreas BokleserTone HTerje N AbuslandHilde Merete GjessingHenrik  Holtvedt AndersenKirsten LundBjørg L.Amanda AAvamgeGodemineReadninggirl30Lisbeth Marie UvaagAstrid Terese Bjorland SkjeggerudVannflaskePiippokattaTore HalsaKjell PTore OlsenCamillaSiw ThorbjørnsenReidun SvensliAnn ChristinLise MuntheDemeterBerit RAstrid SæverhagenHilde MjelvaConnieBjørn SturødTheaHarald KBeathe Solbergandreas h. o.Ingrid Hilmer