Denne boka har stått ganske lenge på hylla av flerie (dårlege) grunner - eg trudde at dens alder ville gjere den tunglest og vrien, at ho ville vere stappa full av lange setninger og skildringar utan ende, at kjærleiken skulle framstå som killsete og uekte, og ikkje minst skremte dei over 500 sidene meg fordi dei var så kompakte og fylt av tett og lita skrift. Eg hadde med andre ord fått for meg at dette var eit komplisert og langdrygt litterært verk fylt av klisjéar og kliss. Sjeldan har eg tatt meir feil. Om eg skal beskrive denne boka med eit ord må det bli: NYDELEG! Rett og slett!

Kort sagt om handlinga - Unge Jane Eyre veks opp i lag med tanta si og hennar tre barn. Som tiåring sender tanta ho bort på skule, og der blir ho buande i åtte år; seks år som elev og to som lærerinne. Deretter søker ho seg vidare i livet og byrjar å arbeide som guvernante. Og det er her ho treffer Han. Han med stor H som ho faller for. Her skildrast kjærleikens mange nøyansar på ein slik måte at ein berre må kjenne seg igjen i både det gode og vonde.

Språket i boka bærer preg av bokas alder - det merkes på setningenes oppbygning og val av ord. Likevel er den ikkje så veldig tung å lese at det blir slitsomt. Eg likte godt språket i boka så snart eg kom litt inn i det og blei vand med måten fortellinga. Synes verkeleg at forfattaren har lukkast i konseptet med å "vise fremfor å fortelle"(show, don´t tell). Likar også svært godt at boka inneheld ein del mystikk og at handlinga ikkje er forutsigbar. Nei, dette er verkeleg ein skatt av ein bok: Ein klassiker som må oppleves!

Les denne hvis du vil:
- nyte ein vakker beretning
- lese ein klassiker
- ha ein kjærleiksberentning
- ha ein bok kor du verkeleg likar houvedpersonen
- sette deg godt til rette i godstolen og la dagens timar forsvinne av seg sjølv.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Synnøve H HoelPiippokattaVigdisIngunnJKjell F TislevollStine SevilhaugLars MæhlumTine SundalIngridKristin_Readninggirl30EinonieAgnete M. HafskjoldTine VictoriaAnne Berit GrønbechLinnAEEllen E. MartolTherese HolmAnne LønøyHilde H HelsethGodemineMarteSigrid NygaardKristine LouiseAlice NordliAnette Christin MjøsLailaCathrine PedersenKirsten LundDemeterGrete AastorpGeoffreyMarit AamdalCecilie69Vigdis VoldEli HagelundRandiALene AndresenTor-Arne JensenSverre