Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viser 4 svar.

Eg må innrømme at eg storkosar meg med denne boka, og det var verkeleg bryet verdt å lese Shakespeare-stykket først. Har kome berre omlag 1/5 i veg, men trur alt no at eg kan påstå at boka er betre enn eg hadde venta på førehand. Største minuset så langt har vært nokre litt for omstendelege forklaringar i innleiinga.

Når det gjeld den dystopiske stemninga så er eg samd med deg. Men når det gjeld tidsromet historia utspelar seg i så gjev Nesbø nokre tidsmarkørar som gjer at ein kan tidfeste historia ganske bra. Det nemnast ein Glock-pistol, desse blei satt i produksjon i 1982. Vidare refererast det til ei skipslast frå Sovjetunionen, denne unionen tok slutt i 1991. Altså startar handlinga i boka i dette tidsromet.

Er det nokon som har funne markørar som gjer at ein kan tidfeste det nærmare?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Anten har Nesbø bomma med detaljane, eller så er han ikkje opptatt av at tidsmarkørane han gir skal henge saman. På side 223 forteljast det om Honda CB450 "Black Bomber" som hadde blitt anskaffa for mindre enn 5 år sidan, og at no har supersykkelen CB750 nyleg kome på marknaden. Desse to syklane kom i høvesvis 1965 og 1969, så innbyrdes stemmer dette godt. Men det rimar på ingen måte med Glock-pistolen (produksjonsstart 1982) ein fekk høyre om tidlegare i boka.

Det viktigaste er kanskje stemningane og assosiasjonane desse detaljane vekkjer hjå lesaren, og ikkje nødvendigvis at kronoligien i bok-universet stemmer med røyndomen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Side 318, her får ein med teskei at ein er i 1970. Altså er Glock'en feilplassert, alt det andre stemmer med dette årstalet.

Ein annan ting, det er vanlegvis slik at befruktinga skjer rundt 9 månadar før borna blir fødde, ikkje 9 månadar etterpå (side 285-286).

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Se der ja, du har fulgt mer nøye med enn meg. Jeg tenker at i et dystopisk samfunn som mye nymotens greier har gått tapt, kan gjerne en Glock ha vært en overlevende kuriositet? Du har sikkert rett, og jeg er helt enig med deg at det var en smule omstendig i begynnelsen

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Britt ElinAnne-Stine Ruud HusevågRisRosOgKlagingIngunn SAmanda AHanne Kvernmo RyeEgil StangelandHarald KReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangStig TAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaKirsten LundJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnieNerakntschjrldMarit HøvdeTurid KjendlieVioleta JakobsensomniferumRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardTor-Arne JensenTine Victoria