Det er jo eit risikoprosjekt av dimensjonar frå Nesbø sin side. Truleg ikkje kommersielt sett (dagens understatement), men omdømemessig. For uansett kor godt han måtte ha gjenfortalt eller laga sin eigen vri på denne historia så vil det garantert vere mange som ikkje er nøgde.
Eg har skaffa meg boka, og startar å lese utan større forventningar enn å finne ei ålreit krim-historie med tydelege litterære referansar til Shakespeare sitt skodespel.