Denne likte eg overraskande godt! Eg likte "Et helt halvt år" sånn heil ok +, men synes den var litt "overrated" for å være brutalt ærleg. Og så kom nummer to - "Meg etter deg" (?) som eg og syntes var heilt ok. Det var derfor med lite forventing at eg gjekk laus på denne tredje boka om Louisa Clark. Etter å ha lese eit par tyngre bøker, var eg i humør for noko lett, muntert, morosamt osv ...og det fekk eg så absolutt!

Dette er reine definisjonen på lettlest og feel-good. Eg har kost meg med denne boka! Ja, den er litt prega av klisjéar og "kliss", og ja, den er litt forutsigbar - men det til tross, fungerer denne boka veldig fint når en er i humør for lettlest litteratur. Den er ikkje så djup, den tek ikkje opp superstore tema og den vil neppe forandre livet ditt. Den vil likevel kunne underholde deg i stor grad, gje deg ein god og varm kjensle og rett og slett tillate deg å rømme inn i ei anna verden for ein tid. Og det er nok nettopp hensikten med boka også. Av og til vil ein berre lese noko koseleg og det er på bakgrunn av nettopp dette at eg gjer boka en femmar.

Louisas nye jobb fører henne til New York. Noko som gjer at ho oppdager den meir "sjølvstendige" sida av seg sjølv. Samstundes byr den nye tilværelsen på fleire utfordringar - arbeidsgivar, avstandsforhald, einsemd, nye vennar og fiendar(?).

Mykje av grunnen til at eg likar denne boka er nok at eg likar karakteren Louisa veldig godt. Jojo Moyes har verkeleg klart å lage ein likandes karakter her! Ho er enkel å kjenne seg igjen i - vaksen, men framleis litt "barnlig", eit behov for å "vere noko" - kven er eg utan jobben min, utan kjærasten min, utan alt som definerer meg?

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Anette STonje-Elisabeth StørkersenTine VictoriaAnneWangSolBerit RSynnøve H HoelThomas Røst StenerudTone Maria JonassenTine SundalVannflaskeCamillaCathrine PedersenHarald KlillianerHeidiDagfinn JakobsenKirsten LundAnniken BjørnesTove Obrestad WøienDolly DuckAnn ChristinRufsetufsaGretheFIngeborgKristine LouiseGodemineAgnesTone SundlandVibekejunieBerit B LieAnne Berit GrønbechTor Arne Dahlingar hPiippokattaHilde Merete GjessingSolveigVanja SolemdalStig T