Den bortskjemde jentungen Mary Lennox bur i India, med foreldre som ikkje bryr seg større om henne, og oppvarta av tenarar som er redd henne fordi ho hundsar dei. Men så bryt det ut ein kolera-epidemi, foreldra døyr og dei av tenarstaben som ikkje også døyr har alt stukke av. Den niårige jentungen blir derfor sendt til England, der ho skal bu hjå ein onkel ho aldri har møtt, på eit gods på heiane i Yorkshire.
Onkelen bryr seg heller ikkje større om jentungen, han er uansett stort sett bortreist. Men Mary, som enno har vanskeleg for å bry seg om noko anna enn seg sjølv, kjem på talefot med den gamle, sære gartnaren Ben Weatherstaff, samt med den sympatiske unge hushjelpa Martha. Martha har ein yngre bror, Dickon, som er veldig opptatt av alt levande liv, og kan alt som er verdt å vite om flora og fauna på heiane. Gjennom Ben og Dickon våknar Mary sin interesse for andre levande skapningar enn seg sjølv. Når Mary så kjem over nøkkelen til ein løynleg hage til godset, og også oppdagar at ho har eit sjukeleg søskenbarn som er bortgøymd og isolert i ei fløy av herskapshuset så legg det grunnlaget for ein passe dose av eventyr og spaning i denne forteljinga.
Jaudå, det er ei fin forteljing om ein jentunge som endrar seg og veks i løpet av boka. Og i tillegg til å sjølv bli eit meir sympatisk menneske i løpet av boka så evnar ho etter kvart også å gjere livet betre for dei rundt seg. Reint oppbyggeleg, var det. Eg høyrde denne som gratis lydbok på Loyalbooks, med ein god opplesar. Fin underhaldning på lange og kjedelege bilturar.