Eg trur eg er i ferd med å bli fan av Edvard Hoem. Dette er berre den tredje boka eg les av han, men det skal bli mange fleire, for du verden så godt og levande han skriv.

Denne boka er ei slags sjølvbiografisk oppvektskildring. Det at den vaksne Hoem greier å leve seg inn i sin eigen barndom er ein ting, men at han greier å la lesaren til dei grader gjere det same er meisterleg. Til liks med mange andre i bygde-norge i etterkrigstida så var barndomen til Hoem prega av begrensa materiell velstand og ein del arbeid. To ting som fall litt utanom normalen var nok å ha ein far som var på reise som lekpredikant i månadar av gangen, samt å som barnsunge vere så bokflink og full av ambisjonar. Prest, meinte han det måtte høve å bli. Foreldra meinte at han skulle take over garden, han var trass alt odelsgut. Ingen av dei fekk rett, til glede for mange bokelskarar.

Boka er ikkje berre ei forteljing om forfattaren og familien hans, men også ei forteljing om eit bygde-Norge i utvikling. Folk får elektrisitet i huset, traktoren tek over for hesten, vegar og samferdsel blir betre, etc. Ein annan ting som gjorde inntrykk var den langvarige innsatsen frå forfattaren sin bestefar for å få reist eit bedehus i bygda.

Etter kvart blir guten ein ungdom, og han ser at vegen hans vidare i livet ikkje berre gjeng ut av barndomen, men også bort frå heimgarden. Snipp snapp snute, men det er fleire Hoem-bøker der ute!

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Sist sett

Torill RevheimTine SundalTore HalsaAnniken RøilSt. YngheadAnn ChristinKirsten LundPiippokattaTherese HolmBjørg Marit TinholtSolNicolai Alexander StyveKarina HillestadAnneWangIngvild SRandiAJakob SæthreKarin BergEirin EftevandMarenmarithcEster SIreneleserHedvigBeathe SolbergGro-Anita RoenHelge-Mikal HartvedtMarianne  SkageVibekeAndré NesseVariosaSiv ÅrdalIngebjørgHarald KSigrid Blytt TøsdalSissel ElisabethHilde Merete GjessingMads Leonard HolvikEllen E. MartolBirka