Et har sett for lite på TV. Eg har nemlig ikkje eit einaste minne om Per Fugelli frå TV-ruta, mannen dukka først opp i medvitet mitt då han blei omtalt i dagsavisene for nokre år sidan som åpenhjartig kreftpasient med kort tid igjen å leve. Denne boka dukka opp under juletreet for eit par år sidan, og i år fekk eg det for meg at eg måtte lese den medan mannen enno var i live. Eg rakk det med få vekers margin.

Boka er ei åpenhjartig samtale mellom far og son. Og det er slett ikkje berre koseprat, sonen Aksel kan til tider vere ganske konfronterande. Dei pratar seg igjennom heile livet til Per, frå barndom i Stavanger, via studietid i Oslo, som lege på Værøy og Røst og i Porsanger, og som professor i Bergen og Oslo. Minna til Per stemmer ikkje alltid med minna til andre personar, eller med dokumenterbare fakta. Og det får han høyre av sonen. Fugelli var ein forkjempar for sosialmedisin, og var opptatt av korleis samfunns- og miljømessige forhold virka inn på helsa til den enkelte. Dette gjenspeglast også i boka, han verka genuint opptatt av at folk skulle ha det bra.

Boka er rikeleg illustreret med fotografi frå ulike periodar av livet til Per, og saman med den personlege tonen i dialogen gjev dette ei kjensle av å ha blitt invitert til eit treff med familien. Så takk for praten, som taus tredjepart var det triveleg å bli aldri så lite kjent med dykk.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Anne-Stine Ruud HusevågIngunnJDiddiHanne Kvernmo RyeIngeborg GCecilie EllefsenTone HHarald KLinda PaulsenNils PharoKirsten LundTorill RevheimHeleneÅsmund ÅdnøyHenrik  Holtvedt AndersenritaolineToveLinda NyrudBirkaPiippokattaNicolai Alexander StyveLailaBjørn BakkenBård StøresiljehusmorAkima MontgomeryBeathe SolbergKjerstiHilde Merete GjessingEster STorAmanda ALilleviFrisk NordvestAnn-Kristin RobstadJMerethe SolstadMorten MüllerEllen E. MartolGro-Anita RoenBenedikte