Folk taklar dramatiske hendingar på ulik måte. Utøya-massakren er eit nasjonalt traume som ingen kan vere uberørt av, og som folk har bearbeidd på ulikt vis, frå rosetog og minnemarkeringar til det å søke mest mulig kunnskap om hendingane. For min del tok det meg 6 år før eg klarte å lese noko om massakren, først og fremst fordi det byr meg imot å gi gjerningsmannen det han var ute etter: merksemd.

Når eg først skulle bryte denne barrieren, er eg glad for at det var med Seierstad sin bok. Det er på den eine sida ein grundig gjennomgang av gjerningsmannen sin bakgrunn og oppvekst, og også ei detaljert skildring av ugjerningane hans, men ein får også grundige protrett av eit knippe personar som var med på sommalreiren på Utøya. Enkelte overevde, andre ikkje. Og det er med desse protretta av ungdomane at Seierstad gjer det klart for meg kvifor eg skulle lese denne boka. Desse ungdomane fortener merksemd. Så om det finnest andre som har det på same måten som eg har hatt det, nekta å bruke tid på gjerningsmannen frå 22. juli, så vil eg oppmode til å lese denne boka likevel. Om ikkje anna så for å gjere minna om nokre av offera levande hjå enno fleire.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

FarfalleMarianne MHarald KLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnieAlice NordliStig TNerakntschjrldAnne Berit GrønbechMarit HøvdePiippokattaTurid KjendlieVioleta JakobsensomniferumKirsten LundRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita NessIngvild SBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesBente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland Skjeggerud