Eg innrømmer glatt at eg var forutinntatt då eg starta på denne boka. Dameroman og kankje ei klissete kjærleikshistorie, det kan vel aldri vere noko for meg? Men det kan vere greit å ikkje vere for stolt til å utfordre fordomane sine av og til, og denne gangen er eg glad for at eg gjorde det.

Vi er i landlege omgjevnadar i England, truleg nær forfattaren sin samtid dvs seint 1700- eller tidleg 1800-tal (første utkastet blei skrive mellom 1796 og 1797). Ekteparet Bennet har fem døtre, og dei eldste er i gifteferdig alder og vel så det. Når ein velståande ungkar, herr Bingley, leiger eit gods i nabolaget, så gjer fru Bennet så godt ho kan for å koble. Herr Bingley har ein god ven, herr Darcy boande hjå seg. Eldstedatter Jane Bennet og herr Bingley finn tonen, medan den nest eldste, Elisabeth ikkje kan fordra herr Darcy, noko som truleg er gjensidig. Jau, du skal få meg til å tru …. Og er nå egentleg desse Bennet-jentene av god nok familie til å menge seg med unge kaksar av dette kaliberet?

Jaudå, historia var grei nok. Litt mindre kliss enn eg hadde frykta. Men det som virkelig gjorde det bryet verdt å høyre igjennom denne historia var språket. Eg hadde på førehand fått med meg at Austen skreiv eit fantastisk flott engelsk, og inntrykket mitt etter denne boka er at det ikkje er å ta for hardt i. No er eg på ingen måte nokon språkekspert, men eg blei begeistra for den elegante språkføringa hennar. Inntrykket blei forsterka av opplesaren, som gjorde ein kjempejobb, og som hadde ei stemme som stod til historia. Eg høyrde denne som gratisbok frå loyalbooks. Eg kan fort finne på å høyre fleire bøkar av Jane Austen, eg.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Anne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilTine SundalsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWangEli HagelundSol SkipnesgretemorStine SevilhaugHeidi LIngunn SPer LundStig TAnitaIreneleserHarald KTone SundlandHilde H HelsethIngvild RosslundHanne Kvernmo RyeJulie StensethBeathe SolbergKirsten LundChristoffer SmedaasRandiAstrid Terese Bjorland SkjeggerudMarianne MBjørg Marit TinholtJarmo Larsen