Dette er ei bok om dei pårørande si omsorgsbelastning når dei er mor eller far til eit barn med autisme. Forfattaren som eg antar er mora skildrer på ein direkte og personleg måte korleis ho opplever sitt barn som bit og slår og som stoppar i si utvikling. Vonbrotet og fortvilinga kjem sterkt fram. Me les om avlastning som ikkje vert gjeve, og om treg sakshandsaming. Slike heilt konkrete tilleggsbelastningar vert det skrive om, og eg applauderer det; for det finst altfor få slike bøker der dei pårørende forteller om livet og om kvardagen dei opplever der heime med barnet. Me andre treng å lesa, reflektera rundt orda og bodskapen. Barnet i boka vert beskreve som eit barn omgitt av mykje kjærleik, det er fint å lesa. Men det er einsemda i slitet og strevet til foreldra eg sit att med når eg legg boka frå meg. Forfattaren virkar modig, flott og varm.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Sist sett

Grete AastorpBente NogvaBenedikteLisbeth Marie UvaagTone HTurid KjendlieKirsten LundLeseberta_23DemeterStine AskeMaikenHilde VrangsagenHarald KHege H.Christoffer SmedaasHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenLinda RastennefertitiEllen E. MartolRoger MartinsenTor-Arne JensenMargrethe  HaugenTove AlmaMcHempettStian AxdalEgil StangelandVivian M.PrunellaReadninggirl30LailaÅsmund ÅdnøyBerit RVibekeTheaIngunn SLars MæhlumEli Hagelundmay britt Fagertveitbandini