Dette er eit utval av Johan Borgen sine noveller, henta frå tidlegare utgjevne novellesamlingar. Tidspunktet dei var skrivne spenner frå 1942 til 1974. Der virkar å vere ei viss tematisk ordning i novellene; mellom anna er barndom for seg heilt i starten, sommarleg stemning i ei gruppe for seg, togreiser for seg, og litt om livet etter døden til slutt. Rekkefølga virkar gjennomtenkt.

Borgen skreiv godt, det er ikkje tvil om det. Stemninger personar og lagnadar penlsast ut med få ord, utan å forklare for mykje. Lesaren må ofte jobbe litt for å få grep om historiene. Det verkar å vere mange einsame personar i historiene til Borgen. Ikkje nødvendigvis einsame i den forstand at dei ikkje har kontakt med andre, men heller at dei ikkje er heilt på bølgelengde med andre. Skal tru om dette gjenspeglar forfattaren sin eigen oppleving av tilværet?

Dette er den første boka eg les av Borgen, og den gav meirsmak. Eg har Lillelord-trilogien ståande i bokhylla, den skal i alle fall lesast. Så får vi sjå om eg må leite opp meir Borgen-bøker etter det igjen.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Hilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseJarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlPiippokattaTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWangEli HagelundSol SkipnesgretemorStine SevilhaugHeidi LIngunn SPer LundStig TAnitaIreneleserHarald KTone SundlandHilde H Helseth