Grei og kort krimbok som er lagt til Oslo på vinterstid i 1975. Olav er leigemordar, og no har han fått eit oppdrag som han nøler litt med å gjennomføre. Han bestemmer seg for ein eigen vri, og det får mykje større konsekvensar enn han kunne ha sett for seg. Det blir ganske blodig etter kvart.

Det er mykje bra i denne boka. Tidskoloritt, miljøskildringar, persongalleri, det meste er av god kvalitet. Men det er vanskeleg å tru heilt på hovudpersonen. Han skal vere dyslektisk og nærmast ein skuletapar, han framhevar sjølv stadig vekk at han ikkje har greie på det eine og hint, men det skin ganske ofte igjennom at han er rett så belest. Han er også ein blauthjarta romantikar, men trivest likevel som leigemordar. Det er godt mogleg at det kan finnest personar som er slik, men eg greier som nevnt ikkje heilt å tru på det.

Men når det er sagt, så er boka både underhaldande og spanande, innimellom også vittig. Det er ein litt annan stil enn i Harry Hole-bøkene, eg vil tru forfattaren har godt av å variere litt. Og det har sikkert lesarane også. Så då er vel alt i orden, då.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

FlettietteMonica CarlsenHilde Merete GjessingReadninggirl30DemeterPacosiljehusmorgretemorBjørg RistvedtHilde H HelsethStig TJarleLeseberta_23BenedikteHelena EGrete AastorpEileen BørresensomniferumLisbeth Marie UvaagTone HGrete AmundsenAnne-Stine Ruud HusevågKristina Jernstrøm LyseboritaolineKirsten LundCecilie MLailaHeleneEgil StangelandLene AndresenMorten MüllerGodemineHilde VrangsagenMarit HøvdeInger-LiseIreneleserG LIngunn STerje MathisenCarine Olsrød