Dette er ei bok om å lese. Hovudpersonen er lesaren, som gjeng til ein bokhandel og kjøper nettopp denne boka av Italo Calvino, og set i gang med å lese ei forholdsvis spanande krim-liknande forteljing. Men eit stykke ute i forteljinga blir det klart at her må det ha skjedd ein feil frå trykkeriet, for korkje sidetal eller handling stemmer lenger. Det viser seg at det har blanda seg inn sider frå ei bok av ein forfattar ved namn Bazakbal, og lesaren gjeng tilbake til bokhandelen for å bytte til eit feilfritt eksemplar av Bazakbal-boka, for den virka å vere meir interessant. Og slik held det fram, ein får stendig servert nye byrjingar av historier som har forholdsvis lite med einannan å gjere, og med mellomspel av lesaren og etter kvart lesarinna sin jakt på bøker og på einannan.

I det heile er det ein artig leik med lesarperspektiv, og med litterære stilartar. Men etter 10 påstarta forteljingar som ikkje kjem nokon veg så kjende eg at det var greit at boka ikkje var lengre enn den var. Eit artig poeng, og som sikkert er grunnen til at innhaldslista er gøymt bort helit bakerst, er at titlane til desse 10 påstarta forteljingane kan lesast som ei samanhengande setning.

Vi las denne i Lesesirkelen av 2014, det var ein del sprik i kor godt deltakarane likte boka. Eit fellestrekk virka å vere at dei som hadde lest boka tidlegare likte den dårlegare ved gjenlesinga. Sjølv tykte eg den var heilt grei, men som nevnt var den ikkje for kort, sjølv om 237 sider i utgangspunktet ikkje er særleg langt.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Therese HolmDaffy EnglundVidar RingstrømritaolineAnne-Stine Ruud HusevågRufsetufsaWenchePiippokattaMorten MüllerMads Leonard HolvikHarald KAndreas BurøsomniferumHanne Kvernmo RyeDagfinn JakobsenSynnøve H HoelTor-Arne JensenTheaKirsten LundCarine OlsrødEli HagelundBjørg L.LailaEgil StangelandBertyAgnete M. HafskjoldSilje-Vera Wiik ValeEvaDemeterHeidi LTone Maria JonassenEster SGodemineInger-LisealpakkaBookiacMalinn HjortlandIngunn SAstrid SæverhagenTanteMamie