Ei tankevekkande bok som formidlar tankane til ein autistisk ung gut. Det er ikkje enkelt å setje seg inn i korleis det er å ha autisme, så det at Higashida har greidd å forklare dette såpass tydeleg vil nok gi aha-opplevingar for mange.

Som fleire er inne på i andre bokomtaler så lurer eg sjølvsagt på i kor mykje av teksta som er guten sine eigne tankar, og kor mykje som er redigert, lagt til eller trukke frå, av dei rundt han. Men eg vel å lite på at essensen av teksta er i samsvar med det guten vil fortelje.

Boka er ekstremt lettlest. Higashida sine tankar er stort sett formidla kort og konsist. Men forlaget har gjort den ekstra lettlest ved i tillegg å nytte voksne bokstavar, godt med luft mellom linjene, romslege margar på alle sider og mange innskotne blanke sider. Dette får meg til å lure; prøver forlaget å blåse opp omfanget av innhaldet? Kva skulle det i såfall vere godt for?

Det var interessant å lese om korleis guten oppfattar verda rundt seg, og tankane han har om sin eigen tilstand. Eg har forstått at det er eit stort spekter i typer og grad av autisme, og då gjeng eg ut frå at det også er eit minst like stort spekter av korleis den enkelte autisten opplever det. Derfor bør ein sikkert vere varsam med å generalisere ut frå Higashida sine skildringar, men like fullt vil eg tru at boka kan vere til hjelp i å forstå autistar.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

DemeterPacosiljehusmorgretemorBjørg RistvedtHilde H HelsethStig TJarleLeseberta_23BenedikteHelena EGrete AastorpEileen BørresensomniferumLisbeth Marie UvaagTone HGrete AmundsenAnne-Stine Ruud HusevågKristina Jernstrøm LyseboritaolineKirsten LundCecilie MLailaHeleneEgil StangelandLene AndresenMorten MüllerGodemineHilde Merete GjessingHilde VrangsagenMarit HøvdeInger-LiseIreneleserG LIngunn STerje MathisenCarine OlsrødAneKorianderBjørg L.