Roald Amundsen nådde sydpolen i desember 1911. I anledning 100-årsjublietet prøvde firkløveret Stein P. Aasheim, Jan-Gunnar Winther, Harald Dag Jølle og Vegard Ulvang å gjenta reiseruta til Amundsen, på ski og med pulk på slep. Amundsen og co hadde hundar, det hadde ikkje Aasheim og co. Til gjengjeld hadde dei sikkerheitsnett.

Det er ein ganske lang og einsformig skitur, og det er godt gjort av forfattaren å lage ei leseverdig historie ut av det. Her speast det på med faktaopplysningar frå Amundsen sin ekspedisjon, eit knippe meir eller mindre relevante anekdoter, smakebitar frå interhumoren i gruppa, samt refleksjonar omkring det å vere liten i naturen. I tillegg er der mange fine bilete.

Sjølvsagt gjekk ikkje alt som planlagt. Starten, t.d., blei sterkt forsinka pga dårlege flyforhold inn til startpunktet. Derfor utviklar det seg til ein kamp mot tida for å rekke fram til den planlagde datoen, for då er det nemlig lagt opp til fest og mottaking på polpunktet, med statsministeren til stades. Den norske, altså. Eg skal ikkje røpe om dei greidde det eller ikkje, men alle var nok uansett samde om at det var ein fin tur.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Anniken RøilFriskusenAliceInsaneMetteellinoronillePernille GrimelandGro Anita MyrvangEster STonjePirellisveinKikkan HaugenIngeborgMarit MogstadHanne Kvernmo RyeKaramasov11HeidiMarenConnieFarfalleHilde H HelsethCarine OlsrødRufsetufsaJohn LarsenGrete AastorpHelena ELinnKirsten LundNorahMarieVegardsomniferumMarit HåverstadAnne Berit GrønbechAnn ChristinAlice NordliToveTorKjell PEli Hagelund